Å bu i Nordfjord er som å stå opp midt i eit postkort – kvar einaste dag. Her får du fjell som kiler skyene, fjordar som glitrar som speil, og dalar som gøymer både eventyr og bringebær.
Livet tuslar av garde i sitt eige tempo – med ei blanding av puddersnø, fjordbris og kaffipausar på trappa. Her finn du ro når du treng det, og rampestrekar når du vil ha det.
Nordfjord er plassen for deg som likar å leve litt vilt, litt vakkert – og alltid ekte.
Blomstre i Nordfjord
Etter ti år i Bergen gjorde eit utenlandsopphald det tydeleg kvar ho eigentleg vil bu
Etter ti år i Bergen og fem månader i Antwerpen er Ingrid (30) klar for å flytte tilbake til Nordfjord. Ho kjem heim med fersk doktorgrad i politikk og forvaltning – og er open for både kjende og nye karrierevegar
Erfaren serviceleiar søkjer nye utfordringar i Nordfjord
Andrea (32) frå Moelv har budd i Oslo i over ti år og jobba som flyvertinne og serviceleiar. No flyttar ho og familien til Nordfjordeid – og ser etter nye utfordringar innan administrasjon og leiing.
Geologistudent med interesse for naturfare og prosjektering
Erlend Lunde Hofseth (22) frå Sjøholt fullfører snart bachelor i geologi og geofare ved HVL – og draumen er ein jobb i Nordfjord, regionen han har sterke band til gjennom oppveksten.
Huge ville ut i felten for å lære meir
Huge Wieldraaijer valde lærlingvegen for å lære ute i arbeid. Som superlærling i Fjord Miljø jobbar han med teknologi, oppdrett og problemløysing.
Vi treng to nye superkraft-jegarar – vil du bli ein av dei?
Nordfjordkompaniet er på jakt etter to nye folk på laget. Begge stillingane er knytte til prosjektet Jakta på Superkreftene – eitt av dei mest spennande prosjekta for born og ungdom i Norge akkurat no.
Hagen AS: Teknologi, tradisjon og moglegheiter i Stryn
Hagen AS i Stryn kombinerer tradisjonelt handverk med moderne teknologi, og satsar tungt på framtida. No ser dei etter nye kollegaer som vil vere med å utvikle ei spennande industribedrift – midt mellom bratte fjell og djupe fjordar i Nordfjord.
Når språk blir fellesskap – og arbeidsplassen blir nøkkelen til bli-lyst.
Full kantine. 85 tilsette. Midt i arbeidstida. Nomek har testa eit konkret inkluderingsgrep som no skapar merkbare ringverknader. Les korleis språkkafé og “Nomek-språket” kan bli eit verktøy for å behalde kompetanse i Nordfjord.
Ledig stilling: Prosjektleiar/Dagleg leiar – Nordfjord Smak SA
Vil du vere motoren i utviklinga av lokal mat og drikke i Nordfjord?Brenn du for småskalaproduksjon, berekraft og lokal verdiskaping? Likar du å bygge nettverk, skape struktur og få ting til å skje? Då kan dette vere jobben for deg.
Frå Vesterålen til Nordfjord – engasjert sosionom med hjarte for menneske og lokalsamfunn
Frida Sofie Fulterer er ein engasjert sosionom med bakgrunn frå Rustenesta i Trondheim kommune. Opphavleg frå Vesterålen, men med fleire år i Trondheim gjennom studiar og arbeid, ønskjer ho no å flytte til Nordfjord for å etablere seg saman med sambuaren.
Vetle-Mikal Furnes - vil gi barna ein oppvekst i Nordfjord
Jeg heter Vetle-Mikal Furnes, er 31 år og er fra Bergen. Jeg jobber på fiskeoppdrett som mekaniker/tekniker og har erfaring med prosesstyring og mekanisk arbeid. Jeg har også masse forskjellige sertifikater og kurs og er åpen for og prøve noe nytt.
Sondre Liknes Føleide - Frå Tolletaten til Nordfjord og open for nye utfordringar
Eg er 31 år, kjem frå Sandane og er gift. Vi har også ein hund. Etter mange år i Bergen har vi kjøpt småbruk på Sandane og ønskjer no å flytte heimatt. Eg jobbar i dag i Tolletaten og er svært glad i friluftsliv og fysisk aktivitet.
Flyttar til Loen – klar for nye moglegheiter i Nordfjord
Eg heiter Michelle Lipai og er 29 år - flytter snart fra Bergen til vakre Loen med mann og datter. Jeg er opprinnelig fra Eikefjord, glad i fjord og fjell, og tar gjerne nye utfordringer med et smil.
Trude Berge-Skinlo - nysgjerrig på kva mogelegheiter som finns i Nordfjord
Eg heiter Trude, kjem frå Utvik, og har dei siste åra jobba med B2B-sal, opplæring og tett kunderettleiing, kombinert med kurs og oppfølging av kundar rundt om i landet. I tillegg har eg teke vidareutdanning innan bedriftsøkonomi, leiing, marknadsføring og merkevarebygging.
Frå Rugsundøy til Barcelona – og draumen om å kome heim
Eg heiter Stine Skaar og eg er 37 år. Eg vaks opp på Rugsundøy i Nordfjord før eg flytta til Bergen der eg fullførte Bachelor. Så møtte eg kjærligheten og vi prøvde å etablere oss I Rugsund, men utan jobb til begge endte vi opp med å flytte til Barcelona I Spania der vi bur no.
Sondre Erdal - sivilingeniør i bygg- og miljøteknikk frå NTNU
Sondre Erdal - 23 år og kjem ifrå Oppstryn. Til sommaren er eg ferdig utdanna sivilingeniør i bygg- og miljøteknikk frå NTNU i Trondheim, der eg har spesialisert meg innanfor retninga konstruksjonsteknikk og skal skrive masteroppgåve om betong. Eg er ein sosial og aktiv person som er arbeids- og lærevillig. No ser eg fram til å starte i arbeidslivet.
I Nordfjord får Benjamin bruke superkreftene sine – no løftar lærlingen heile fabrikken
Når du kjem inn døra på Nomek As ein tidleg morgon, er det som regel éin person som alt er i full gang: Benjamin, snart 20 år og lærling innan informasjonsteknologi. Han er den typen som dukkar opp før dei fleste – også IT-leiaren sjølv.
Dansk familie med norske røter vil skape eit nytt liv i Nordfjord
Den danske familien med norske røter vil skape eit nytt liv på Nordfjordeid. Psykologen Maja og maskinmeisteren Magnus flyttar frå Danmark med borna Ea og Fjord for å finne jobb, bustad og eit liv tett på naturen ved Nordfjord.
Kjæresten er i boks – no manglar berre jobben
Tina Sørensen frå Oslo har funne kjærleiken og flyttar til Hornindal for å leve ut draumen som gardskjerring. Den energiske og pålitelege sørlendinga ser no etter nye utfordringar innan teknisk sal, service eller vedlikehald.
Frå Arendal til fjella i Nordfjord!
Marinbiolog Anna Holvik Torgunrud fann kjærleiken og draumejobben i Nordfjord, der ho no jobbar med oppdrett hos Sande Settefisk.
Nordfjord er ein magisk plass for meg og min familie
Romano Weise frå Tyskland flytta med familien til Sandane for å leve nærare naturen og framtida dei ønskte seg. Med bakgrunn som prosjektleiar innan bygg og eigedom vil han no bruke erfaringa si i Nordfjord og bidra til berekraftige løysinga.