I Nordfjord får Benjamin bruke superkreftene sine – no løftar lærlingen heile fabrikken
Benjamin (t.h.) ilag med kollega Emil i lokala på Nomek As.
Når du kjem inn døra på Nomek As ein tidleg morgon, er det som regel éin person som alt er i full gang: Benjamin, snart 20 år og lærling innan informasjonsteknologi. Han er den typen som dukkar opp før dei fleste – også IT-leiaren sjølv.
Når du først møter Benjamin, er han ikkje den som snakkar høgast i rommet, men når smilet kjem og ein byrjar å stille dei rette spørsmåla, forstår ein raskt at under overflata ligg det eit fagleg gullfunn. Påstanden er faktisk at bak det rolege ytre skjuler det seg ein av dei mest framtidsretta og løysingsorienterte lærlingane i regionen.
Sjølv om han snakkar lite, gjer han desto meir: På berre eitt år har han allereie revolusjonert måten Nomek jobbar på.
– «Han er kjekk, flink – og han må innimellom lære oss ting og tang», smilar IT-leiar Thorolf Aarøen.
– «Eg er litt redd han blir headhunta av andre når denne historia kjem ut.»
Rett inn i hjartet av industrien
Benjamin kjem frå Førde, og trivst overraskande godt midt mellom i fjella i fagre Stryn. Når han ikkje programmera API-ar, teiknar sonekart eller feilsøkjer nettverk, finn du han gjerne på turstiar opp frå skisenteret, i barkeløypa eller ein kort tur til dagsturhytta.
– «Det er mykje fin natur å utforske etter jobb. Det passar perfekt. Eg er glad i å gå tur.»
Han starta eigentleg med ein heilt annan plan:
– «Eg skulle bli elektrikar, men kom ikkje inn. Hadde ikkje fått med meg at IT-linja fanst. Då eg fann den, visste eg med ein gong at det var rett for meg.»
Som lærling hadde Benjamin sett for seg litt grunnleggande oppgåver. I staden møtte han eit 11.000 m² stort industribygg med mange ulike maskiner, datanettverk og mange serverar – og rom for å teste ut nye idear.
Arbeidsdagen hans variera mellom nettverk og serverar, API-programmering, feilsøking og brukarstøtte – og når anledninga byr seg, utviklar han eigne appar, testar 3D-printing eller dykk ned i nye KI-løysingar.
– «Det er mykje meir spennande enn eg såg for meg. Her får eg frihet til å prøve, feile og skape. Dei seier berre ‘køyr på’.»
Thorolf kan stadfeste:
– «Benjamin treng ikkje støtte – han ER støtta. Av og til må eg spørje han om råd. Han tek ein idé og kjem tilbake med ei løysing på nokre få minutt.»
KI i praksis - utvikla sporingssystem som spara bedrifta enormt med tid
Eit av dei mest imponerande prosjekta han har gjort, tok utgangspunkt i eit ønske om endå betre oversikt i produksjonsflyten – og her såg Benjamin raskt moglegheita til å skape ei smartare løysing.
Det gamle ERP-systemet gav ikkje god nok oversikt, og operatørane brukte mykje tid på å leite fysisk etter delprodukta.
Benjamin tok fatt på utfordringa og utvikla eit heilt nytt sporingssystem der kvar ordre får ein QR-kode som følgjer delene gjennom heile produksjonen. Når ordren flyttar seg mellom soner, scannar tilsette koden, og ein eigen app – som Benjamin sjølv har utvikla – viser statusen i sanntid. Dermed kan alle finne informasjonen på sekund, i staden for å bruke tid på å leite rundt i fabrikken.
Emil André Sætre, som jobbar tett på Benjamin, forklara det slik:
– «Dette har spart oss enormt med tid og frustrasjon. Plateavdelinga er jo hjartet i fabrikken – det er her alle delane blir fødde. Når vi får full kontroll her, så følgjer den kontrollen vidare ut i fabrikken, uansett kvar delane tek vegen. Då får vi oversikt og flyt heile vegen fram til sluttproduktet.»
Og Benjamin stoppa ikkje der; han har også teikna eit nytt sonekart for fabrikken, gjort lagerinformasjonen langt meir intuitiv, kopla saman system som aldri før har snakka i lag, og jobbar med ei utfordring om ei ny KI-basert HMS-løysing.
– «Om ein server stoppar opp, så går han i bresjen og finn ut av det», seier Thorolf.
– «Han er godt over snittet av det ein forventar av ein lærling.»
Friheit, tillit – og ein kultur som gjer unge gode
Benjamin får jobbe med det som engasjera han. Det er ikkje vanleg for førsteårs lærlingar.
– «Her får eg leike meg fram og lære masse. Det betyr mykje at dei viser tillit.»
Thorolf meiner det er ein bevisst del av kulturen i Nomek:
– «Hos oss må folk få lov til å bomme litt. Det er slik ein lærer. Og vi let folk få rom til å utvikle seg.»
Han tilføyer med eit smil:
– «Berre ein ikkje gjer same feilen om og om igjen då».
Nomek As har i fleire år hatt god erfaring med å ta inn unge lærlingar. Men då dei fekk høve til å bli med i Superlærling-programmet til Nordfjordkompaniet, var det ikkje tvil.
Thorolf forklara:
– «Mange opplæringskontor er bra, men Superlærling er meir ‘fram i skoa’. Dei er tett på, tek ansvar, og jobbar på tvers av fag på ein måte som passar oss. Dei gir eit sosialt og fagleg fellesskap for lærlingane som ingen andre tilbyr.»
Han ler litt når temaet sosiale samlingar kjem opp:
– «Å få med Benjamin der? Då må de nok gi han eit programmeringsoppdrag som lokkemiddel.»
Benjamin nikkar og smiler:
– «Kjetil må vel stille opp på døra og hente meg.»
Kjetil, superrådgivaren hans, humra når vi spør korleis han støttar Benjamin:
– «Benjamin er så flink at fagprøva blir ein leik. Utfordringa er ikkje om han klarer faget – det er korleis vi kan halde på han i Nordfjord.»
Benjamin sjølv er ikkje i tvil:
– «Eg blir om eg får lov. Eg har ingen planar om å reise. Trivst veldig godt her.»
Når det nærmar seg fagprøve, veit han likevel at Kjetil blir viktig.
– «Då treng eg nok litt styring. Tips, råd, oversikt – alt det som gjer at eg er trygg på at eg har vore innom alt.»
Blikk framover
Benjamin er tydeleg på at teknologi og industri kjem til å smelte saman.
– «Det kjem mykje AI inn i industrien. Det vil ta tid, men det vil kome.»
Om han vil studere vidare?
– «Ikkje no. No vil eg jobbe og lære. Eg er ferdig med skule for ei stund.»
Om han råd til andre som lurer på det å bli læring kan han konstatere:
– «Det er mykje kjekkare enn skule! Du lærer SÅ mykje, og får ekte erfaring. Eg anbefala det til alle.»