Sondre Erdal - sivilingeniør i bygg- og miljøteknikk frå NTNU

Sondre som instruktør på Ferieklubben vår

Sondre Erdal - 23 år og kjem ifrå Oppstryn. Til sommaren er eg ferdig utdanna sivilingeniør i bygg- og miljøteknikk frå NTNU i Trondheim, der eg har spesialisert meg innanfor retninga konstruksjonsteknikk og skal skrive masteroppgåve om betong.  Eg er ein sosial og aktiv person som er arbeids- og lærevillig. No ser eg fram til å starte i arbeidslivet.

Kvifor vil du til Nordfjord?

Eg har aldri vore i tvil om at eg ønskjer å vende tilbake til Nordfjord. Kombinasjonen av kjekke folk og dei unike moglegheitene for aktivitet og friluftsliv gjer at det ikkje finst nokon annan stad eg trivst betre. Eg meiner dette gir gode rammer for å kunne prestere og trivast i jobbsamanheng òg.

Kva jobb ønskjer de å få?

Eg ønskjer ein studierelevant jobb der eg får brukt kunnskapen eg har tileigna meg, samtidig som at eg  får muligheit til å lære av dyktige kollegaer. Det er ikkje avgjerande for meg å arbeide innanfor mi konkrete spesialisering. Eg er ute etter ein relevant jobb innanfor byggenæringa der eg kan bidra, utvikle meg og bygge kompetanse.

Korleis kom du i kontakt med Nordfjordkompaniet?

Nordfjordkompaniet har tidlegare hjelpt meg med å få ein studierelevant sommarjobb.


Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord? Meld deg inn i

Nord + Fjord-nettverket 🤩
Forrige
Forrige

Frå Rugsundøy til Barcelona – og draumen om å kome heim

Neste
Neste

I Nordfjord får Benjamin bruke superkreftene sine – no løftar lærlingen heile fabrikken