BLI MED I NORD + FJORD-NETTVERKET
NORD + FJORD er vårt nettverk for elevar, studentar, folk i arbeid, folk på leit etter arbeid, lærlingar, Nordfjordingar, foreldre, heimflyttarar, utflyttarar, tilflyttarar, innflyttarar, grundarar – alle med interesse eller som er nysgjerrige på Nordfjord.
Vi jobbar både med dei som allereie er nordfjordingar og dei som ønskjer å bli ein del av vårt fellesskap. Saman gjer vi Nordfjord suprare, og vi arbeider mot målet om å gjere rekruttering til eit luksusproblem i regionen vår.
+ Som medlem får du nyheitsbrev med siste nytt frå næringslivet, historier frå folk i nettverket, arrangement og ledige jobbar.
Det er heilt gratis å vere med, og vi held deg oppdatert med kjekke invitasjonar, gode historier og spennande jobbar.
Saman gjer vi Nordfjord suprare!
Fronte bedrifta di?
Interessert i å fronte bedrifta di gjennom NORD + FJORD for å nå ut til nettverket vårt?
Kanskje har du ei ledig stilling akkurat no eller er klar for å posisjonere deg for langsiktig rekruttering!