Med fersk mastergrad i leiing flyttar Hannah Sofie heim til Hornindal
Eg heiter Hannah Sofie Flaten, er 23 år og kjem frå Hornindal. Eg har budd i Bergen dei siste fem åra, men har no flytta heimover til Nordfjord.
Kvifor vil du til Nordfjord?
Eg har trivst veldig godt som student i Bergen dei siste åra, men kjende at det var på tide å vende heimover etter at eg fullførte mastergraden min i juni. Med den flotte naturen vi har her, og ikkje minst alle dei fine folka, er det ingen plass som er betre å bu enn Nordfjord.
Kva jobb ønskjer du å få?
Utdanninga mi består av ein bachelor i innovasjon og forretningsutvikling, der eg spesialiserte meg innan endringsleiing, og ein mastergrad i leiing. Eg ser først og fremst etter administrative stillingar, gjerne innan koordinering, prosjektarbeid eller liknande. Eg likar å skape struktur, halde oversikt og få ting til å gå framover. Eg ønskjer gjerne å få brukt utdanninga mi i praksis, men er open for ulike roller og bransjar. Eg lærer raskt og trivst godt med å setje meg inn i nye ting!
Korleis kom du i kontakt med Nordfjordkompaniet?
Eg blei kjend med Nordfjordkompaniet då eg gjekk på Stryn vidaregåande, og dei var innom for å fortelje om arbeidet dei gjer. Sidan den gong har eg vore med i nettverket og fått følgje med på kva som skjer heime, medan eg sjølv har budd vekke som student. Det var difor naturleg å ta kontakt då eg sjølv skulle flytte heimover igjen.
Ønskjer du å kome i kontakt med Hannah Sofie, send oss ei melding!
Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord? Meld deg inn: