Leve i Nordfjord
Korleis er det å jobbe, leve og blomstre i Nordfjord?
Bremanger, Gloppen, Hornindal, Måløy, Stad og Stryn har alle mykje "Smooth Nordfjord Living" å tilby.
Bremanger
-

Historie
Ho har brukt sommaren på å jakte superkreftene til born i Nordfjord. Maria si jakt på eigne superkrefter gjekk i uventa retningar, men ho angrar ikkje vala sine. Den viktigaste lærdomen brukar ho til å nå dit ho vil, til og med til topps på brattaste Hornelen.
-

Aktivitetar
Bremanger kommune har eit rikt foreiningsliv med mange spanande aktivitetar. I foreiningsportalen ligg alt til rette for å finne gode samarbeid på tvers av foreiningar og mellom foreiningar.
-

Gode bremanger
Bremanger kommune ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord. Her bur dei omlag 3.400 innbyggjarane spreidde ut over fleire idylliske grender, frå hav til bre. Du kan bli ein av oss!
Gloppen
-

Historie
Romano Weise frå Tyskland flytta med familien til Sandane for å leve nærare naturen og framtida dei ønskte seg. Med bakgrunn som prosjektleiar innan bygg og eigedom vil han no bruke erfaringa si i Nordfjord og bidra til berekraftige løysinga.
-
Aktivitetar
Gloppen kommune har eit rikt foreiningsliv med mange spennande aktivitetar men det er ikkje enkelt å få oversikt over kva som skjer og kven ein kan kontakte.
Foreiningsportalen er laga nettopp med tanke på å gje oversikt over alle tilboda som fins, og korleis du kan kome i kontakt med dei ulike laga og organisasjonane, ein nyttig sak både for privatpersonar, frivillige og andre som kan vere interessert i å samarbeide med frivilligheita på ulike måtar.
-
U40 Gloppen
Vi trur på viktigheita av samhald og legg trivsel, nettverksbygging, karriere, utdanning og bulyst som grunnlag for initiativet, Gloppen U40. Gjennom faglege og sosiale aktivitetar er målet å styrke banda mellom unge vaksne i Gloppen og samtidig gje moglegheita til å tale med ei samla røyst.
Hornindal
-

Historie
Ein reklameplakat, ein kjæraste, ein telefon og ei god stemning var med på å sette kursen for Anders.
-

Aktivitetar
I Volda kommune har vi to frivilligsentralar - Volda frivilligsentral som held til på rådhuset i Volda og Hornindal frivilligsentral på Smia i Hornindal.
Volda har ein stor og mangfaldig frivillig sektor. Nokre av hovudfunksjonane til frivilligsentralane er å vere kontaktledd og støttespelar til frivillig sektor, og bindeledd mellom dei og kommunen.
-

Oppslagstavla i Hornindal
Open oppslagstavle for Hornindal som brukast til:
- Aktivitetar
- Arrangement
- Kunngjøringar
- Mista/funnet
- Lag/foreiningar
- Småjobbar
- Og alt det som høyrer heime på ein fysisk oppslagstavle
Måløy
-

Historie
Joachim Joensen (25) flytta heim til Måløy med sambuaren – fekk seg jobb, hus og ein plass i musikkmiljøet.
Han meiner fleire burde sjå heimover, for moglegheitene i Nordfjord er større enn mange trur. -

Aktivitetar
Vågsøy frivilligsentral er ein open møteplass for alle som vil bidra i frivillig arbeid, møte nye menneske og gjere noko positivt i nærmiljøet.
Vi jobbar for å skape trivsel, fellesskap og tilhøyrsle – og for å vere eit bindeledd mellom frivillige, lag, foreiningar og kommunen.
Saman skapar vi eit godt og inkluderande lokalsamfunn – gjennom møte mellom menneske.
-

Måløy U40
Måløy U40 er eit nettverk for deg under 40 som jobbar, bur – eller har lyst til å slå rot – i Måløy. Her samlast unge vaksne frå ulike bransjar og bakgrunnar for å bli kjent, dele erfaringar og bygge eit sterkt fagleg og sosialt fellesskap.
Stad
-

Historie
Maria Karin Dalsbø (31) frå Stårheim er coach, prosessleiar og sjølverklært Nordfjordpatriot som har flytta heim etter 12 år i Bergen.
Ho brenn for utvikling, relasjonar og å skape vekst for menneske og lokalsamfunn i Nordfjord. -

Aktivitetar
Stad frivilligsentral er ein open møteplass for alle som vil bidra i frivillig arbeid, møte nye menneske og gjere noko positivt i lokalsamfunnet.
Vi jobbar for å skape trivsel, fellesskap og tilhøyrsle – og for å vere eit bindeledd mellom frivillige, lag, foreiningar og kommunen.
Saman skapar vi gode og inkluderande lokalsamfunn – gjennom møte mellom menneske.
-
Stad Vekst U40
U40 er eit nettverk for deg under 40 år som jobbar i eller med næringslivet i Stad kommune. Her får du høve til å bli kjent med andre unge, bygge nettverk, utveksle erfaringar og vere med å påverke utviklinga av regionen. Gjennom sosiale møteplassar, fagleg påfyll og engasjerande aktivitetar jobbar vi for å løfte unge stemmer og skape eit levande næringsmiljø for framtida.
Stryn
-

Historie
Hege Kveen bytta ut storbylivet i Oslo med kvardagsliv i Stryn – og fann balansen mellom familie, karriere og fjordliv.
Ho viser at i Nordfjord kan du få det beste frå to verder – med spennande jobbmoglegheiter og tid til livet utanom. -

Aktivitetar
Stryn Frivilligsentral er ein open møteplass for alle som har lyst til å bidra – møte nye menneske og gjere noko positivt i nærmiljøet.
Vi jobbar for å skape trivsel, fellesskap og tilhøyrsle, og vi fungerer som eit bindeledd mellom frivillige, lag og organisasjonar og kommunen.
Her finn du aktivitetar for fleire aldrar: barn, unge, eldre og alle andre som vil vere med.Saman bygger vi gode og inkluderande lokalsamfunn – gjennom møte mellom menneske
-

Stryn U40
Velkomen i Stryn U40 - Nettverket for unge engasjerte i Stryn kommune!
Dette er eit nettverk som har som hovedmål å skape møteplassar, nye bekjentskap og litt kule aktivitetar i kommunen vår, for unge vaksne mellom 18 og ca 40 år.