Etter ti år i Bergen gjorde eit utenlandsopphald det tydeleg kvar ho eigentleg vil bu
Eg heiter Ingrid Kvåle Faleide og er ein 30 år gammal loar med stort hjarte for Nordfjord. Eg er (snart) gift med ein innvikar og ferdig med doktorgrad i politikk og forvaltning, så no er det på tide å kome seg heim til Loen.
Kvifor vil du til Nordfjord?
Det er jo det som er heime, då. Vi har budd i Bergen i 10 år, men då vi budde i Antwerpen i Belgia i fjor kjende vi ikkje på noko særleg heimlengsel til Bergen. Det var Nordfjord vi sakna. Det er der vi høyrer til.
Folk som berre har budd i by skjønar ikkje dette - men heime er det faktisk kort veg til alt. I alle fall det som betyr mest for oss. Her må vi stå i bilkø for å kome oss heim frå ski. Ein kan ikkje ha det slik!
Kva jobb ønskjer de å få?
På den eine sida er eg open for å prøve noko nytt. Det er så mykje spennande å drive med i Nordfjord! Eg lærer fort (det har faktisk vore jobben min dei siste åra), og likar å jobbe både ute blant folk og meir sjølvstendig på kontor. Sjølv om eg har skrive doktorgrad i statsvitskap, er eg open for stillingar der dette ikkje nødvendigvis står på lista over ønska kvalifikasjonar.
På den andre sida ser eg føre meg at her kanskje er bedrifter som treng akkurat den kompetansen eg har, utan at vi veit om kvarandre. Eg er god til å lese og skrive, setje meg inn i nye ting, analysere data og formidle. Dei siste åra har eg jobba i det fremste forskingsmiljøet for spørjeundersøkingar. Ta gjerne kontakt med meg om du vil høyre meir om kvifor du treng ein samfunnsforskar på laget!
Korleis kom du i kontakt med Nordfjordkompaniet?
Inst inne har eg nok alltid visst at vi kom til å flytte heim igjen, så eg har faktisk følgt med på Nordfjordkompaniet (og forløparane) heilt sidan eg flytta frå Nordfjord. Eg har brukt Studentstova i Stryn ein del medan eg har jobba med doktorgradsavhandlinga, og etter at eg tok kontakt for å seie at eg er klar for å flytte heim har eg fått veldig god oppfølging. De gjer ein viktig jobb!
Ønskjer du å kome i kontakt med Ingrid, send oss ei melding!
Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord? Meld deg inn: