Trude Berge-Skinlo - nysgjerrig på kva mogelegheiter som finns i Nordfjord

Eg heiter Trude, kjem frå Utvik, og har dei siste åra jobba med B2B-sal, opplæring og tett kunderettleiing, kombinert med kurs og oppfølging av kundar rundt om i landet. I tillegg har eg teke vidareutdanning innan bedriftsøkonomi, leiing, marknadsføring og merkevarebygging.

Kva ser du etter i ein jobb?

Eg trivst godt i roller der ein får vere med på utvikling, kreativitet og samarbeid, og synest leiing og relasjonsbygging er spesielt spennande. Parallelt driv eg ein digital opplæringsportal, noko som har gitt meg god erfaring med strukturert, sjølvstendig og digitalt arbeid.

Kva jobb ønskjer du å få?

No er eg nysgjerrig på kva moglegheiter som finst heime i Nordfjord, både no og framover. Ei naturleg løysing for meg no kan vere ei rolle som kombinerer remote arbeid med teamfølelse og samhald.

Dersom du er interessert i å ta ein uforpliktande prat, enten på telefon eller over ein kaffi, hadde det vore veldig hyggeleg.


Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord? Meld deg inn i

Nord + Fjord-nettverket 🤩
Forrige
Forrige

Flyttar til Loen – klar for nye moglegheiter i Nordfjord

Neste
Neste

Frå Rugsundøy til Barcelona – og draumen om å kome heim