Vi treng to nye superkraft-jegarar – vil du bli ein av dei?

Nordfjordkompaniet er på jakt etter to nye folk på laget. Begge stillingane er knytte til prosjektet Jakta på Superkreftene – eitt av dei mest spennande prosjekta for born og ungdom i Nordfjord akkurat no.

Kva er Jakta på Superkreftene?

Alle har superkrefter – men dei kjem ikkje alltid fram av seg sjølv. Gjennom Jakta på Superkreftene jobbar Nordfjordkompaniet tett med skular, barnehagar og næringsliv for å hjelpe born og unge i Nordfjord med å oppdage kven dei er, kva dei meistrar og kva framtid som ventar dei her heime.

Stilling 1: Superkraft-leiar

Vi ser etter ein engasjert prosjektleiar som vil ta eigarskap til Jakta på Superkreftene og drive det strategisk og operativt framover. Du vil bygge samarbeid med skular, barnehagar, næringsliv og kommunar, sikre gjennomføring av aktivitetar og jobbe aktivt med finansiering og varigheit. Dette er ei 100% prosjektstilling på 12–18 månadar, med moglegheit for forlenging.

👉 Les meir og søk her

Stilling 2: Superkraft-jeger

Vi ser etter ein engasjert koordinator som er limet og drivkrafta i prosjektet – den som får ting til å skje i praksis. Du planlegg og gjennomfører aktivitetar saman med skular, barnehagar og bedrifter, koordinerer samarbeid og følgjer opp partnarar i kvardagen. Også dette er ei 100% prosjektstilling på 12–18 månadar, med moglegheit for forlenging.

👉 Les meir og søk her

Praktisk info – begge stillingar:

Hovudkontor i Stryn, med fleksibilitet til å jobbe frå fleire stader i Nordfjord. Tilgong til tenestebil.

Søknadsfrist er 8. mai 2026.

Vil du høyre meir? Ring Tom-Øyvind på 906 28 383 eller send ein mail til supersjef@nordfjordkompaniet.no.

Neste
Neste

Hagen AS: Teknologi, tradisjon og moglegheiter i Stryn