Frå Rugsundøy til Barcelona – og draumen om å kome heim

Eg heiter Stine Skaar og eg er 37 år. Eg vaks opp på Rugsundøy i Nordfjord før eg flytta til Bergen der eg fullførte Bachelor. Så møtte eg kjærligheten og vi prøvde å etablere oss i Rugsund, men utan jobb til begge endte vi opp med å flytte til Barcelona i Spania der vi bur no. 

Kvifor vil du til Nordfjord?

For det første er det verdens finaste plass og den einaste plassen vi ønskjer å bu, for det andre driv foreldra mine Rugsund Handelsstad og vi ønskjer å komme heim og drive staden vidare. I tillegg likar eg å være ute og å hauste frå naturen, både bær, sopp, fisk og krabbar, noko som ikkje er like lett midt i ein storby som Barcelona.

Kva jobb ønskjer de å få?

Ettersom eg ønskjer å bu på ei øy, ønskjer eg meg ein jobb eg kan utføre primært frå eit heimekontor. Eg er svært sjølvstendig og ansvarsbevist og har stort sett hatt jobb frå heimekontor sidan 2019 og stortrives med det. Eg har fullført bachelor i visuell kommunikasjon, og har mange år med erfaring innen kundeservice der eg har jobba for både booking.com, Philips TV og XLMOTO/24MX. Eg har også 4 år med erfaring som omsettjar frå engelsk og svensk til norsk for 3 nettsider, alt frå tekstar innan produktbeskrivelser, sosiale medier og manualar. På fritida lagar eg også videoar på YouTube rundt hobbyane mine under kallenavnet Scaarcraft. Eg er også heilt open for å prøve noko heilt nytt, med god opplæring kan eg brukast til det meste.

Korleis kom du i kontakt med Nordfjordkompaniet?

Eg trur det var via Instagram, enkelt og greit, så tok eg bare kontakt.


Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord? Meld deg inn i

Nord + Fjord-nettverket 🤩
Forrige
Forrige

Trude Berge-Skinlo - nysgjerrig på kva mogelegheiter som finns i Nordfjord

Neste
Neste

Sondre Erdal - sivilingeniør i bygg- og miljøteknikk frå NTNU