Når språk blir fellesskap – og arbeidsplassen blir nøkkelen til bli-lyst.
Plakaten på skjermar rundt på bedrifta Nomek As promoterer tiltaket til tilsette.
Full kantine. 85 tilsette. Midt i arbeidstida.
Denne gongen handla det ikkje om produksjon, men om språk, fellesskap og framtida til arbeidsplassen.
For nokre månader sidan møttest næringsliv, kommune og frivillig sektor til ei samling for inkludering og bli-lyst i Nordfjord. Spørsmålet var enkelt – men krevjande: Kva kan vi gjere heilt konkret for at dei som kjem hit, skal kjenne seg heime og velje å bli?
Hjå Nomek As vart svaret språk, møteplassar og fellesskap i arbeidstida.
Frå kartlegging til handling
Nomek As er ei av fem pilotbedrifter i prosjektet «Næringsliv som inkluderingspådrivar», leia av Nordfjordkompaniet og støtta av Vestland fylkeskommune. Gjennom kartlegging av eigen situasjon vart det tydeleg at inkludering ikkje berre handlar om rekruttering – men om kvardagskulturen på arbeidsplassen.
Anton (t.v.) og Harold er einige i at det er viktig å skape sosiale samlingspunkt på på og utanfor jobben.
Språktryggleik påverkar sosial deltaking. Pendling kan gjere fritidsaktivitetar vanskelege. Lunsjen kan lett bli delt etter språk og nasjonalitet. Små ting – men med stor effekt. I staden for store og kostbare tiltak valde Nomek små, gjennomførbare møteplassar.
– Rekruttering er kostbart. Å miste folk kostar endå meir. Vi ønskjer å byggje ein arbeidsplass der folk finn seg til rette og kjenner at dei høyrer til. Det handlar om kultur – ikkje berre kontrakter, seier CFO Harold Wieldraaijer.
Han er tydeleg på at det ikkje finst eitt tiltak som passar for alle.
– Nokon vil ha fleire arrangement. Nokon likar ikkje arrangement. Utfordringa er å finne noko som styrkar fellesskapet utan å presse nokon. Vi ønskjer å utvikle ein inkluderande kultur der alle opplever tilhøyrsle – både i arbeidstida og utanfor.
Språk i praksis
I februar samla bedrifta alle sine rundt 85 tilsette til språkkafé i arbeidstida. Dei vart delte inn i blanda grupper på tvers av nasjonalitet og avdeling og diskuterte temaet: Kva betyr inkludering for deg?
Stemninga var lett, latteren sat laust, og samtalane flaut mellom språk og kulturar.
Anton Zhuravlov har vore med både i utviklinga av tiltaket og på sjølve språkkaféen.
– Eg syns det er veldig bra. Det hjelper oss som kjem utanfrå å integrere oss. Nokon jobbar mykje åleine og får ikkje alltid brukt norsk så mykje. Her får vi både høyre og bruke språket. Det gir motivasjon. Og ein blir betre kjent med kollegaer på ein annan måte enn i produksjonen.
Han peikar på noko viktig:
– Det handlar ikkje berre om grammatikk. Når du forstår meir, tør du også meir.
Språkkaféen er no inne i sin andre runde i 2026, og fleire samlingar er planlagt fram mot sommaren – takka vere BIO-midlar frå Vestland fylkeskommune.
Byggjer “Nomek-språket”
Linda presenterte prosjektet for alle tilsette.
Tiltaket stoppar ikkje i kantina. No arbeider bedrifta vidare med å utvikle ei industriell ordbok – ei samling av faguttrykk brukt i produksjonen, det dei sjølve kallar «Nomek-språket». Ord og uttrykk som er viktige i arbeidskvardagen skal samlast, forklarast og synleggjerast i fabrikklokala. Det styrkar både språkutvikling, meistring og HMS.
– Inkludering skjer ikkje av seg sjølv. Det må prioriterast og testast i praksis. Det vi ser her, er ikkje teori – det er handling. Når ein investera i språk, møteplassar og fellesskap, investera ein i bli-lyst, seier prosjektkoordinator Linda Løvoll.
Ho minner om at dette handlar om meir enn arbeidstid.
– Arbeid er inngangsbilletten til lokalsamfunnet. Men om ein ikkje kjenner tilhøyrsle, fell ein lett utanfor etter klokka 16. Difor må vi tenkje breiare enn berre onboarding.
Små grep – stor verdi
Nomek As skal halde fleire språkkaféar fram mot sommaren og dokumentere erfaringane undervegs. Målet er å utvikle ei verktøykasse som kan brukast av fleire bedrifter i regionen.
Harold er realistisk – og håpefull.
– Vi kjem til å prøve og feile litt. Men om vi kan finne noko som fungera her, kan kanskje andre lære av det. For oss handlar det om å byggje ein arbeidsplass der folk vil kome – og bli.
Og kanskje er det nettopp slik bli-lyst blir til:
Gjennom ein kaffikopp, eit nytt ord – og ein kollega som blir litt mindre framand.