Sondre Liknes Føleide - Frå Tolletaten til Nordfjord og open for nye utfordringar
Eg er 31 år, kjem frå Sandane og er gift. Vi har også ein hund. Etter mange år i Bergen har vi kjøpt småbruk på Sandane og ønskjer no å flytte heimatt. Eg jobbar i dag i Tolletaten og er svært glad i friluftsliv og fysisk aktivitet.
Kvifor vil du til Nordfjord?
Nordfjord er heimen min, og ynskje om å flytte tilbake kjem av både familie, livskvalitet og naturen i området. Eg ønskjer å slå meg ned på Sandane og bidra med kompetansen min lokalt, samtidig som eg får ein kvardag med nærleik til friluft og eit godt lokalsamfunn.
Kva jobb ønskjer de å få?
Eg er open for dei fleste fagfelt, men ønskjer særleg arbeid innan logistikk og/eller økonomi. Eg har bachelor i toll, vareførsel og grensekontroll, samt årsstudium i marknadsøkonomi, og ønskjer å nytte denne kompetansen vidare.
Korleis kom du i kontakt med Nordfjordkompaniet?
Eg kom i kontakt med Nordfjordkompaniet tilfeldig då eg byrja å sjå etter jobbmoglegheiter i heimområdet.
Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord? Meld deg inn i