Ledig stilling: Prosjektleiar/Dagleg leiar – Nordfjord Smak SA

Vil du vere motoren i utviklinga av lokal mat og drikke i Nordfjord?

Brenn du for småskalaproduksjon, berekraft og lokal verdiskaping? Likar du å bygge nettverk, skape struktur og få ting til å skje? Då kan dette vere jobben for deg.

Nordfjord Smak SA er eit nyetablert samvirke som samlar lokal mat- og drikke-produsentar, i Nordfjord. Vi skal bygge ei sterk merkevare, auke salet av lokale produkt, styrke kompetansen, og skape nye arenaer for samarbeid og utvikling. No søker vi ein prosjektleiar i 50 % stilling, som òg vil fungere som dagleg leiar for selskapet.

ANSVARSOMRÅDER

- Gjennomføre strategi og handlingsplan 2026–2028

- Sikre god drift i tråd med vedtekter, retningslinjer og kvalitetskrav saman med styret

- Bindeledd mellom andelseigarar og samarbeidspartnarar

- Legge til rette for nettverksmøter og faglege arenaer

- Koordinere deltaking på messer, marknader og arrangement

- Utvikle og kvalitetssikre merkevara Nordfjord Smak

- Utarbeide nyheitsbrev og kommunikasjonsmateriell

- Skape prosjekt og følge opp søknadar og pilotar

KVALIFIKASJONAR

- God kjennskap til Nordfjord og relevant næringsmiljø

- Erfaring frå sal og/eller logistikk er ein fordel

- Forståing for småskalaproduksjon og matsikkerheit

- Erfaring med prosjektleiing eller sjølvstendig ansvar

- Gode kommunikasjonsferdigheiter kommunikasjonsevner?

- Erfaring med prosjektutvikling og søknadsskriving er ein fordel 

PERSONLEGE EIGENSKAPAR

- Utadvent, engasjert og relasjonsbyggande

- Strukturert og sjølvstendig

- Initiativrik og løysingsorientert

VI TILBYR

- Moglegheit til å bygge ei ny satsing i Nordfjord

- Variert arbeidskvardag med stort ansvar

- Samarbeid med eit engasjert produsentmiljø

- Løn etter avtale

SØKNAD

Send søknad og CV til styreleiar Petter Vesterås, petter.vesteraas@gmail.com

For spørsmål kan han også kontaktes på telefon +4792627499

Frist er 15. februar 2026 – kandiatar kan bli tatt inn til intervju fortløpande.


Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord? Meld deg inn i

Forrige
Forrige

Når språk blir fellesskap – og arbeidsplassen blir nøkkelen til bli-lyst.

Neste
Neste

Frå Vesterålen til Nordfjord – engasjert sosionom med hjarte for menneske og lokalsamfunn