Øystein Vallestad og Mariel. Foto til venstre: Jan Nik Hansen / Firda Tidend
Då Mariel la ut eit innlegg på Instagram om at ho var arbeidsledig og på jakt etter nye moglegheiter, visste ho ikkje at det skulle føre til jobb i rekneskapsbransjen. Øystein Vallestad, dagleg leiar i R Nordfjord, såg innlegget og tok kontakt. Det gav historia ei uventa vending.
Mariel har ein allsidig bakgrunn som mellom anna småbrukar, organist, kaféeigar og lærar. Rekneskap var eit heilt nytt fagfelt, men innlegget førte til ein samtale med Øystein, og i haust vart ho ein del av R Nordfjord.
«Eg tykkjer det var spenstig gjort av Øystein å ta kontakt på bakgrunn av ein så open søknad! Eg var klar for nye opplevingar og erfaringar, og det klaffa veldig bra med at Øystein hadde ein plass til meg på laget», seier Mariel.
Med Mariel som siste tilskot på laget har bedrifta også fått ein medarbeidar med erfaring frå heilt andre arbeidskvardagar. Som tidlegare kaféeigar med ansvar for eiga verksemd har ho sjølv stått på kundesida av rekneskapsføringa. Som småbrukar kjenner ho også kvardagen og dei økonomiske problemstillingane i landbruket.
«Og så er det ein stor fordel å ha eit ryddig hovud som er glad i orden og gode system», føyer Mariel til.
Frå tilflyttar til gründer
Øystein har sjølv erfaring med å gripe nye moglegheiter i Nordfjord. Han er opprinneleg sunnfjording, og i 2018 flytta han og familien frå Bergen til Sandane. Kona er frå Gloppen. Etter flyttinga heldt Øystein fram i jobben som revisor, og etter fleire år med revisjon og seinare rekneskapsføring og rådgjeving etablerte han R Nordfjord hausten 2025.
Med seg fekk han tidlegare kollegaer med lang erfaring. Saman byggjer dei ei kompetansebedrift som handterer tradisjonell rekneskapsføring, landbruksrekneskap, omorganiseringar, skatterådgjeving, generasjonsskifte, budsjettering, oppsett av system og mykje meir. Men arbeidet krev meir enn kunnskap på kvart enkelt område.
«Vi arbeider heile tida i skjeringspunktet mellom teknologi, system, fag og lover og reglar, samstundes som vi skal bygge ein god relasjon til kundane våre og gje dei eit best mogleg tilbod. Til dette treng vi både fagleg innsikt, evne til å sjå samanhengar og medarbeidarar som er gode til å bygge relasjonar», seier Øystein.
For R Nordfjord handlar rådgjeving derfor om å forstå korleis dei ulike delane av ei verksemd heng saman. Rekneskapen gir eit viktig grunnlag, medan kjennskap til drifta, systema og menneska gjer det mogleg å hjelpe kundane med å betre lønsemda og ta gode val.
Nye vegar
Denne breidda pregar også måten Øystein byggjer laget på. Tilsetjinga av Mariel er eit døme på at erfaring frå andre arbeidskvardagar kan utfylle den etablerte fagkompetansen og gi nye perspektiv på kundane sine behov.
R Nordfjord ønskjer å utvikle fagmiljøet vidare og har rom for fleire tilsette. Her skal medarbeidarane få bruke fagkunnskapen sin, vere nysgjerrige på nye løysingar og samarbeide på tvers av erfaringar. Målet er eit lag som kan sjå heilskapen i verksemdene dei arbeider med, og hjelpe menneska bak tala vidare.
👉 Les meir om R Nordfjord: rnordfjord.no
Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord? Meld deg inn: