Geologistudent med interesse for naturfare og prosjektering

Mitt namn er Erlend Lunde Hofseth. Eg er 22 år og oppvaksen på Sjøholt, men har dei siste tre åra budd i Sogndal i samband med studium. Eg fullfører no ein bachelor i geologi og geofare ved HVL.

Kvifor vil du til Nordfjord?

Eg har ei naturleg tilknyting til Nordfjord, då mora mi kjem frå Stryn, og eg har vore mykje i området gjennom oppveksten. Ho har òg arva ein leilegheit der, så eg har tilbrakt mykje tid i Nordfjord og trivst godt der. Eg set stor pris på både naturen og lokalmiljøet, og ser på regionen som ein svært attraktiv stad å bu og arbeide.

Kva jobb ønskjer de å få?

Gjennom studiet har eg fått god kompetanse innan geologi og naturfare, i tillegg til planleggingsfag. Eg har erfaring med feltarbeid, kartlegging og bruk av GIS. Eg er også interessert i prosjektering og utvikling av infrastruktur, der geologi er viktig for å sikre trygge og gode løysingar i praksis.

Etter fullført bachelor ser eg føre meg å ta eit arbeidsår før eg eventuelt går vidare med ein mastergrad. Eg er derfor på utkikk etter ein relevant jobb innan til dømes reguleringsplanlegging, skredproblematikk eller geoteknikk. Eg er motivert for å utvikle meg vidare, bidra fagleg og få praktisk erfaring i eit relevant arbeidsmiljø.

Korleis kom du i kontakt med Nordfjordkompaniet?

Eg vart først merksam på Nordfjordkompaniet då mora mi, som jobbar ved NTNU i Ålesund, kom heim frå ei utdanningsmesse med eit handlenett med logoen dykkar på.

Ønskjer du å kome i kontakt med Erlend, send oss ei melding!


Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord? Meld deg inn:

Forrige
Forrige

Erfaren serviceleiar søkjer nye utfordringar i Nordfjord

Neste
Neste

Lærling med fingrane i framtidas oppdrettsnæring