NORD + FJORD
Nettverket for deg som
er nysgjerrig på Nordfjord!
-

Historier frå Nordfjord – dei som tok steget og flytta hit
Her delar folk frå Bremanger, Gloppen, Stad, Stryn, Måløy og Hornindal sine historier om livet i Nordfjord – om kvifor dei valde å flytte hit, og korleis det er å vere ein del av lokalsamfunnet.
Les historiane, bli inspirert – kanskje er det her du òg høyrer heime.
-

Arrangement og aktivitetar
I Nordfjord finn du eit levande fellesskap fullt av aktivitetar, lag og møteplassar – frå Bremanger og Gloppen til Stad, Stryn, Måløy og Hornindal.
Utforsk alt som skjer, finn noko som passar for deg – og bli ein del av fellesskapet i Nordfjord.
-

U40 og Ungt Nettverk
I Nordfjord veks både bedrifter og menneske.
Samtidig kan det vere utfordrande å bli kjend med folk utanfor jobb.U40 og Ungt Nettverk gjer det lettare å møtast, dele erfaringar og byggje fellesskap på tvers av bygder og bransjar.
Historier frå Nordfjord
Jobb i Nordfjord?
Her finn du ei oversikt over dei spennande stillingane medlemsbedriftene våre har ledige akkurat no!
Vi oppdaterer lista annankvar måndag (partalsveker), så det er alltid noko nytt å sjå etter.
Fann du ikkje noko som passa akkurat no?
Meld deg inn som jobbsøkjar i NORD + FJORD-nettverket, så tek Anders kontakt for å hjelpe deg med å finne ein jobb som passar for akkurat deg.
Shop NORD + FJORD
NORD + FJORD – Smooth Nordfjord Living handlar om mykje meir enn eit plagg.
Det handlar om å gi folk ein grunn til å bli glade i Nordfjord – og ein grunn til å bli her, kome tilbake, eller velje det for aller første gong.
💬 Kvifor klede?
Fordi klede er identitetsmarkørar.
Fordi dei snakkar før du gjer det.
Fordi dei skaper samtale, tilhøyring og nysgjerrigheit.
🫶 Kva betyr det?
Det betyr at vi bygger ein ny måte å formidle det gode livet i bygda på – gjennom ungdom, fellesskap, fargar og rørsle.
🌻 Og alt overskotet? Det går til aktivitetar og prosjekt for born og unge i Nordfjord.
Kjøp Nordfjord-drakta i dag!
Bli med i NORD + FJORD-nettverket
NORD + FJORD er vårt nettverk for elevar, studentar, folk i arbeid, folk på leit etter arbeid, lærlingar, Nordfjordingar, foreldre, heimflyttarar, utflyttarar, tilflyttarar, innflyttarar, grundarar – alle med interesse eller som er nysgjerrige på Nordfjord.
Vi jobbar både med dei som allereie er nordfjordingar og dei som ønskjer å bli ein del av vårt fellesskap. Saman gjer vi Nordfjord suprare, og vi arbeider mot målet om å gjere rekruttering til eit luksusproblem i regionen vår.
Det er heilt gratis å vere med, og vi held deg oppdatert med kjekke invitasjonar, gode historier og spennande jobbar.