Den fyrste Superlærlingen og nordfjordingen i VM

WorldSkills er verdas største konkurranse i yrkesfag. I Shanghai møttest rundt 1500 unge fagfolk frå over 70 land i 64 fag. Noreg stilte med 16 utøvarar. Ein av dei var Andreas, som målte krefter som ein av dei 40 beste unge sveisarane i verda. Og han gjorde det svært bra.

– Det er fantastisk å sjå at vi har ein lokal ungdom frå Nordfjord som kan kjempe heilt i verdstoppen. Andreas har haldningane, ferdigheitene og viljen til å bli best mogleg i faget sitt. Allereie etter siste dag i konkurransen var han i full gang med å planleggje treninga mot EM, som blir neste mål for han, seier Tom-Øyvind Solheim, supersjef i Nordfjordkompaniet.

Andreas har ikkje berre vore ein sterk utøvar. Leiinga på Yrkeslandslaget trekkjer han fram som ein heilt spesiell lagbyggjar, ein som løftar dei rundt seg og som har vore svært viktig for lagmiljøet i Yrkeslandslaget.

Konkurranseinstinktet

Andreas tok fagbrev som industrimekanikar som Superlærling hos Brødrene Aa i Hyen. Det var superrådgjevar Leiv Johnny Endal som fekk han til å prøve seg i Yrkes-NM. Fyrste gongen enda Andreas på fjerdeplass, og det gav meirsmak. I NM i Førde i 2025 konkurrerte han i sveising, tok bronse og fekk plass på Yrkeslandslaget.

Vegen mot VM var fulle treningsdagar. I sveising står det på millimeteren, og små marginar avgjer kven som når toppen.

Stryvo opna dørene

Ein lærling når ikkje verdstoppen åleine. Då Andreas ville trene mot VM, flytta han heim att til Nordfjord, og Stryvo tok han imot med opne armar. Det Stryvo har gjort, er langt meir enn nokon kan forvente av ei lærebedrift. Dei har lagt alt til rette og gitt Andreas høve til å trene på fulltid i arbeidstida, med materiale å øve på og ein erfaren mentor ved sida.

Stryvo satsar målretta på lærlingar og vil at dei skal utgjere ein tiandedel av arbeidsstokken.

Det er nett slike lærebedrifter som gjer at ungdom frå Nordfjord kan kjempe med dei beste i verda. Tusen takk, Stryvo, for at de gir lærlingane rom til å bli best mogleg!

Når læretida er over, har Andreas to fagbrev, som industrimekanikar og sveisar. Planen vidare er meir utdanning.

Neste mål: EM i Düsseldorf

VM var ikkje sluttstreken. I september 2027 skal Andreas delta i EuroSkills, Yrkes-EM, i Düsseldorf, og målet er å kjempe om medaljane. Han er allereie godt i gang med treninga.

Kva tek vi med oss heim?

I Shanghai fekk vi sjå med eigne auge kva kvalitet i verdsklasse er. Det gir oss eit nytt mål å strekkje oss etter. Turen var òg ein sjanse til å leggje planar for korleis Nordfjord kan markere seg endå sterkare i yrkesfagkonkurransane framover. No vil vi bruke WorldSkills meir i kvardagen:

  • som inspirasjon og målestokk i fagopplæringa

  • som rekruttering til yrkesfaga – der Andreas er eit glimrande eksempel på at fagbrev og ei karriere i yrkesfaga kan ta deg heilt til verdstoppen.

  • som ein sjanse for lærlingar som vil bli best mogleg i faget sitt

  • i samarbeid med lærebedriftene få fram endå fleire superlærlingar til å delta på yrkesfagkonkurransar

Vil lærlingen din vere med?

Neste Yrkes-NM er i Stavanger 7.-11. februar 2028, og uttaka skjer lokalt og regionalt i 2027. Vi kjem tilbake med meir informasjon når datoar for fylkesmeisterskapa er klare – men tenk allereie no på kven som kan representere di bedrift, og motiver lærlingane til å trene mot dette.

Sjå og les meir


Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord? Meld deg inn:

Neste
Neste

Frå open jobbsøknad på Instagram til rekneskapsjobb i Nordfjord