NORD + FJORD

Nettverket for deg som

er nysgjerrig på Nordfjord!

  • To menn står og snakker med hverandre i en innendørs utstilling om superkrefter. Det er utstilt brosjyrer, plakater og leker på bordet.

    Historier frå Nordfjord – dei som tok steget og flytta hit

    Her delar folk frå Bremanger, Gloppen, Stad, Stryn, Måløy og Hornindal sine historier om livet i Nordfjord – om kvifor dei valde å flytte hit, og korleis det er å vere ein del av lokalsamfunnet.

    Les historiane, bli inspirert – kanskje er det her du òg høyrer heime.

  • Gruppa mennesker som river i en blå kajakk på elv, alle iført hjelm og redningsvest, og ser ut til å ha det gøy.

    Arrangement og aktivitetar

    I Nordfjord finn du eit levande fellesskap fullt av aktivitetar, lag og møteplassar – frå Bremanger og Gloppen til Stad, Stryn, Måløy og Hornindal.

    Utforsk alt som skjer, finn noko som passar for deg – og bli ein del av fellesskapet i Nordfjord.

  • En gruppe mennesker kledd i vinterklær står på en snødekt bakke og ser på en person som gjør en lufttur med ski i snøen under en klar blå himmel.

    U40 og Ungt Nettverk

    I Nordfjord veks både bedrifter og menneske.
    Samtidig kan det vere utfordrande å bli kjend med folk utanfor jobb.

    U40 og Ungt Nettverk gjer det lettare å møtast, dele erfaringar og byggje fellesskap på tvers av bygder og bransjar.

Historier frå Nordfjord

Fleire historier frå Norfjord

Jobb i Nordfjord?

Her finn du ei oversikt over dei spennande stillingane medlemsbedriftene våre har ledige akkurat no!
Vi oppdaterer lista annankvar måndag (partalsveker), så det er alltid noko nytt å sjå etter.

Fann du ikkje noko som passa akkurat no?
Meld deg inn som jobbsøkjar i
NORD + FJORD-nettverket, så tek Anders kontakt for å hjelpe deg med å finne ein jobb som passar for akkurat deg.

Sjå ledige jobbar
NORD + FJORD på Malakoff, Nordfjordeid

Shop NORD + FJORD

NORD + FJORD – Smooth Nordfjord Living handlar om mykje meir enn eit plagg.
Det handlar om å gi folk ein grunn til å bli glade i Nordfjord – og ein grunn til å bli her, kome tilbake, eller velje det for aller første gong.

💬 Kvifor klede?

  • Fordi klede er identitetsmarkørar.

  • Fordi dei snakkar før du gjer det.

  • Fordi dei skaper samtale, tilhøyring og nysgjerrigheit.

🫶 Kva betyr det?
Det betyr at vi bygger ein ny måte å formidle det gode livet i bygda på – gjennom ungdom, fellesskap, fargar og rørsle.

🌻 Og alt overskotet? Det går til aktivitetar og prosjekt for born og unge i Nordfjord.

Kjøp Nordfjord-drakta i dag!

NORD + FJORD på Malakoff, Nordfjordeid
NORD + FJORD t-skjorte på Hoddevika surfeparadis
NORD + FJORD på Malakoff, Nordfjordeid
NORD + FJORD på Malakoff, Nordfjordeid - Enjoy Smooth Nordfjord Living
Sjå heile kolleksjonen

Bli med i NORD + FJORD-nettverket

Tekst med fargene rosa og blå som sier 'Enjoy Smooth Nostalgia Living' omkranset av smilefjes og blomster.

NORD + FJORD er vårt nettverk for elevar, studentar, folk i arbeid, folk på leit etter arbeid, lærlingar, Nordfjordingar, foreldre, heimflyttarar, utflyttarar, tilflyttarar, innflyttarar, grundararalle med interesse eller som er nysgjerrige på Nordfjord.

Vi jobbar både med dei som allereie er nordfjordingar og dei som ønskjer å bli ein del av vårt fellesskap. Saman gjer vi Nordfjord suprare, og vi arbeider mot målet om å gjere rekruttering til eit luksusproblem i regionen vår.

Det er heilt gratis å vere med, og vi held deg oppdatert med kjekke invitasjonar, gode historier og spennande jobbar.

Meld deg inn her: