Å bu i Nordfjord er som å stå opp midt i eit postkort – kvar einaste dag. Her får du fjell som kiler skyene, fjordar som glitrar som speil, og dalar som gøymer både eventyr og bringebær.
Livet tuslar av garde i sitt eige tempo – med ei blanding av puddersnø, fjordbris og kaffipausar på trappa. Her finn du ro når du treng det, og rampestrekar når du vil ha det.
Nordfjord er plassen for deg som likar å leve litt vilt, litt vakkert – og alltid ekte.
Blomstre i Nordfjord
Nienke – frå Nederland til Nordfjordeid
Nienke (32) flytta frå Apeldoorn i Nederland til Nordfjordeid etter mange feriar på Vestlandet. Ho er fysioterapeut med master i helsepsykologi og ønskjer å jobbe med menneske eller dyr – og har funne sitt nye heimland mellom fjord og fjell i Nordfjord.
Ynskjer seg fleire kollegaer !
Etter fleire tiår i Praha valde Michal (45) og familien eit rolegare liv i Innvik. Med brei erfaring frå HR og internasjonale selskap jobbar han no for Termo Partner på Stryn – og har funne nye røter i Nordfjord.
Elias Nord: Ingeniøren med eigne låtar på Spotify
Frå Bergen til Nordfjordeid – Elias Nord fann både draumejobben og roen heime i fjorden.
No vil han vise at framtida for unge teknologar finst i Nordfjord.