Med mastergrad i miljøvitskap flytta Eliska frå Tsjekkia til Stryn og vil jobbe med berekraft i Nordfjord

Eg heiter Eliska Matulova, er 28 år og kjem frå Tsjekkia. Eg har ein mastergrad i miljøvitskap frå Masaryk-universitetet i Brno. Etter å ha budd og jobba i Tsjekkia bestemte partnaren min og eg oss for å gjere ei stor endring i livet og flytte til Stryn, drivne av kjærleiken vår til norsk natur. Eg lærer aktivt norsk for å bli ein del av lokalsamfunnet.

Kvifor vil du til Nordfjord?

Eg vart heilt forelska i det vakre landskapet i Noreg, særleg fjella og fjordane. Eg likar godt friluftslivet Noreg byr på gjennom heile året, som fjellturar, camping, langrenn om vinteren og fritidsfiske. Å flytte hit handla ikkje berre om å skifte omgivnader, det var eit medvite val om å bu nærare naturen som inspirerer oss, og å bli ein del av lokalsamfunnet.

Kva jobb ønskjer de å få?

Med bakgrunnen og yrkeserfaringa mi innan miljøfag vil eg gjerne halde fram og utvikle karrieren i den retninga, med eit breitt spekter av berekraftsarbeid: berekraft i verksemder, ESG-rapportering, klimarekneskap, utsleppskutt, energileiing og grøne strategiar. Å jobbe med bedrifter eller kommunar som set miljøansvar og berekraftig utvikling i regionen høgt, ville vere ein ideell veg for meg.

Samtidig har eg ei sterk personleg interesse for reising og friluftsliv, og eg ville òg gjerne jobbe direkte med reiseliv, friluftsliv eller aktivitetar. Eg er open for relevante stillingar der eg kan bruke kompetansen min og samtidig utvikle meg vidare. Eg er svært motivert for å lære og ser fram til å vekse i ei ny rolle.

Korleis kom du i kontakt med Nordfjordkompaniet?

Då eg byrja å utforske den lokale arbeidsmarknaden, gjekk eg til NAV for å få råd, og dei tipsa om Nordfjordkompaniet. Kontakten med dei har vore til svært stor hjelp i jobbsøkinga mi.

Ønskjer du å kome i kontakt med Eliska, send oss ei melding!


Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord? Meld deg inn:

Forrige
Forrige

Ynskjer seg fleire kollegaer !

Neste
Neste

Pelagia Måløy satsar på lærlingar midt i eit stort utstyrsløft