Å bu i Nordfjord er som å stå opp midt i eit postkort – kvar einaste dag. Her får du fjell som kiler skyene, fjordar som glitrar som speil, og dalar som gøymer både eventyr og bringebær.
Livet tuslar av garde i sitt eige tempo – med ei blanding av puddersnø, fjordbris og kaffipausar på trappa. Her finn du ro når du treng det, og rampestrekar når du vil ha det.
Nordfjord er plassen for deg som likar å leve litt vilt, litt vakkert – og alltid ekte.
Blomstre i Nordfjord
Siri Andal Kupen: Hoppa i det!
Siri Andal Kupen bytta ut storbylivet med sjøluft i Måløy – og fann både meining og moglegheiter i heimfjorden.
Line Romsøe: Nordfjordtreffet enda med fast jobb!
Line Romsøe frå Fjelli i Stryn bytta ut sjukepleieryrket med rekneskap – og fekk fast jobb på Nordfjordeid etter Nordfjordtreffet.
Møt Maria Karin Dalsbø
Maria Karin Dalsbø (31) frå Stårheim er coach, prosessleiar og sjølverklært Nordfjordpatriot som har flytta heim etter 12 år i Bergen.
Ho brenn for utvikling, relasjonar og å skape vekst for menneske og lokalsamfunn i Nordfjord.
Bjarte Olai Heggdal – lever dykkardraumen i Stryn
Bjarte Olai Heggdal (33) frå Innvik bytta ut snekkarbelte med dykkardrakt – og lever no dykkardraumen i Stryn.
Han viser at du treng ikkje flytte ut av fjorden for å finne nye moglegheiter – berre tørre å satse.
Hege Kveen – frå storbyliv til Nordfjordliv
Hege Kveen bytta ut storbylivet i Oslo med kvardagsliv i Stryn – og fann balansen mellom familie, karriere og fjordliv.
Ho viser at i Nordfjord kan du få det beste frå to verder – med spennande jobbmoglegheiter og tid til livet utanom.
Stryn Bedriftsbarnehage AS: Satsar på alle sine tilsette
Kristine Tonning frå Olden fann draumejobben sin i Stryn Bedriftsbarnehage – ein arbeidsplass som satsar på både born og tilsette.
Trivsel på topp med luksuslunsj på fredagar!
Hos Convene AS på Sandane går trivsel og teknologi hand i hand – eit internasjonalt miljø med hjartet i Nordfjord.
Ny kaptein på byggjelaget – Marianne Nærø tek roret i HS Bygg
Marianne Nærø er ny dagleg leiar i HS Bygg frå februar 2025. Ho har lang erfaring frå bygg- og anleggsbransjen og gler seg til å bygge vidare på den solide kulturen – saman med folk og prosjekt i heile Nordfjord.
Nienke – frå Nederland til Nordfjordeid
Nienke (32) flytta frå Apeldoorn i Nederland til Nordfjordeid etter mange feriar på Vestlandet. Ho er fysioterapeut med master i helsepsykologi og ønskjer å jobbe med menneske eller dyr – og har funne sitt nye heimland mellom fjord og fjell i Nordfjord.
Ynskjer seg fleire kollegaer !
Etter fleire tiår i Praha valde Michal (45) og familien eit rolegare liv i Innvik. Med brei erfaring frå HR og internasjonale selskap jobbar han no for Termo Partner på Stryn – og har funne nye røter i Nordfjord.
Elias Nord: Ingeniøren med eigne låtar på Spotify
Frå Bergen til Nordfjordeid – Elias Nord fann både draumejobben og roen heime i fjorden.
No vil han vise at framtida for unge teknologar finst i Nordfjord.