Engasjert problemløysar med blikk for berekraft, analyse og teknologi
Litt kort om meg
Eg er ei aktiv kvinne frå Hellesylt med mastergrad i økonomi og leiing – marknadsføringsleiing. Eg har erfaring frå både administrative stillingar og vegprosjekt i fylkeskommunen, i tillegg til engasjement knytt til chatbot-løysingar. I dag arbeider eg i ei bedrift som er i gang med sertifisering gjennom Miljøfyrtårn. Vidare kunne eg tenkt meg å arbeide med ISO 14001, eller innanfor analysefeltet, statistikk eller gjerne prøve meg meir innan AI-teknologi.
Kvifor vil eg vere i Nordfjord
Eg ønskjer å bu og jobbe i Nordfjord fordi eg set pris på kombinasjonen av gode arbeidsmoglegheiter og eit friskt friluftsliv. Det er noko heilt eige med å kome heim til vakre omgjevnader, alltid ha eit snekkerprosjekt på sida – og gode folk rundt meg. Eg får energi av å lære nye ting, og ser på meg sjølv som ein problemløysar med pågangsmot.
Korleis kom eg i kontakt med Nordfjordkompaniet
Gjennom nettet for fleire år sidan – og sidan då har eg sett pris på den nettverksformidlinga de gjer, spesielt når det er tid for å orientere seg i arbeidsmarknaden.
Kunne du tenke deg å flytte til Nordfjord? Meld deg inn i NORD + FJORD-nettverket som jobbsøkjer om du treng hjelp til jobb🤩